Menu
  • Kjøpe eller selge bedrift?
  • Vi søker frilansere
  • Bli omtalt
  • Annonsering
  • Bedriftspresentasjoner
  • Reise
  • Produktomtale
  • Din mening
Menu

Trondheim gratuleres av Ulstein – en god «runner up»

Posted on 12/06/201911/06/2019 by Redaksjonen Næringsavisen

Det er inga vits i å sutre, når Ulstein sitt igjen vel vitande om at dei er ein av kun tre nominerte blant alle norske kommunar – til Innovasjonsprisen 2019. Nei, der i bygda tek dei på seg storsinnet, og gratulerar Trondheim med sigeren.

– Sjå til Ulstein

Dette seier juryen om Ulstein:

«Andre kommunar bør sjå til Ulstein og korleis de samarbeider med næringslivet for å møte morgondagens rekrutteringsutfordringar.

Ved å involvere både næringsliv og innbyggarar viser Ulstein korleis ein skal arbeide samanhengande og på tvers av kommunesektoren.

Juryen rosar derfor Ulstein kommune for deira satsing på framtidig innovasjonskraft, heilskapleg tankegang og arbeid for å spreie dei gode ideane.»

Sjå filmen som er laga fordi Ulstein vart nominert, og som presenterer teknologiskulen i Ulstein. 

Inspirerande

– Vi takkar for gode ord, dei inspirerer oss til å bygge vidare på innovasjonskulturen i heile organisasjonen og i lokalsamfunnet! Vi ser fram til mykje godt nyskapingsarbeid i samspel mellom dei tilsette i kommunen, dei folkevalde, innbyggarane og samarbeidspartnarane våre i næringsliv, akademia, nabokommunar og frivillige organisasjonar, er meldinga frå Ulstein.

Tre nominerte

Prisen vart delt ut på konferansen «Fremtidens kommuner» i Arendal 7. juni 2019. 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet deler ut prisen ein gong i året.

20 kommunar vart vurderte av juryen i år, og Ulstein er ein av tre kommunar som vart nominerte. 

Redaksjonen Næringsavisen

http://www.næringsavisen.no

See author's posts

©2021 | WordPress Theme by Superbthemes.com